Vinje trur at dei er best
Dei tener mykje pæning
som dei brukar upp på fest
Der er alle vener
men det heng i ein tynn tråd
for dei kjeklar seg imellom dagen etterpå
Tokke heve kraft, Tokke heve straum
Om våren så ser det ut som i ein draum
men er du der om veten
ja då he du nok kjørt feil
er du heldig kjem du vekk derfrå
med bilen like heil
Seljord heve Dyrskuplassen
sku tru dei hadde pæning i kommunekassen
å bruke på skule til bygdebån
eller bli det heller eit te sjøormtårn?
Her er fjell og her er fjord
her er far og her er mor
ja til tider eit rett paradis
Men hørr kan eg sjå
høtt som hender her nå?
fer vel ta ein titt i mi lokalavis
Vest-Telemark Blad
du gjer meg stolt, du gjer meg glad
med alt det rare dei lokale gjer og seier
Kjære journalist,
du gjer meg tankefull og trist
når du set ord på nokon ting eg ikkje greier
Me he grine me he ledd,
ivi allting som he skjedd
Kviteseid kan eg nok mest om
og kontoen der er som oftast tom
Elles er det mange fine ord
og det finaste er VTBs kontor
Nissedal, kåns eigen sørlandsby
fe kån andre så er dei sjeldan til bry
I kommunestyret gjeng praten nokså fritt
"Om du godkjenner mitt hyttefelt, så godkjenner eg ditt"
Fyresdal er for meg ei gåte
Dei gjer ting på sin heilt eigne måte
Elles er det tøft med alt dei fer te
Kven vi ikkje ha ein veg
uppi toppen av eit tre?
Her er fjell og her er fjord
her er far og her er mor
ja til tider eit rett paradis
Men hørr kan eg sjå
høtt som hender her nå?
fer vel ta ein titt i mi lokalavis
Vest-Telemark Blad
du gjer meg stolt, du gjer meg glad
med alt det rare dei lokale gjer og seier
Kjære journalist,
du gjer meg tankefull og trist
når du set ord på nokon ting eg ikkje greier
Me he grine me he ledd,
ivi allting som he skjedd
Sjav om me er ulike
kan me ta nokre blanke ark
og invitere naboen på ein prat
På arket skriv me det me elskar
med Vest-Telemark
og det me hatar
med den norske stat
Eg kjenner meg alt mindre åleine
Eg er heime!
Her er fjell og her er fjord
her er far og her er mor
ja til tider eit rett paradis
Men hørr kan eg sjå
høtt som hender her nå?
fer vel ta ein titt i mi lokalavis
Vest-Telemark Blad
du gjer meg stolt, du gjer meg glad
med alt det rare dei lokale gjer og seier
Kjære journalist,
du gjer meg tankefull og trist
når du set ord på nokon ting eg ikkje greier
Me he grine me he ledd,
ivi allting som he skjedd.