Eg heiter Symre Taugbøl Bang, er 23 år, og har drive med musikk gjennom heile oppveksten. Hovudinstrumentet mitt er gitar, men song og hardingfele har alltid vore med på vegen. På musikklina i Skien starta for alvor interessa for tekstskriving, og eg avslutta VGS med å spele inn albumet "YMSE" med hjelp av ein klassekamerat. Hausten 2024 kom albumet «Elles ganske frisk», –ein fargerik bukett av tekst og musikk skrive i alderen 18 til 22.
Dei siste åra har eg spelt med eige band, der telemarkingane Jon Espelid på trommer og Torjus Gravir Klykken på bass er å rekne som faste medlem.
Eg likar tekstar med humor trass i alvorlege tema, som ein kan høyre i singelen «Det mange som hatar jol» frå 2023. Eg knyt mykje av identiteten til heimstaden min Morgedal, og har komponert og spelt inn jubileumslåta til Vest-Telemark Blad «Allting som har skjedd», og bygdelåta «Kom heim att», - som er bruka i dokumentarfilm om fråflytting frå Vest-Telemark.