Må me verkeleg sitja her og sjå på eit så dumt program?
i så fall treng eg treng ein dram.
Kven er du til å seie at eg skal eta svin og ikkje lam
det gjeng jo ikkje an
Au! Eg kjenner no at kjolen eg har kjøpt er litt for stram
Og eg er sveitt og klam
Imponerande at me i det heile kan halde stand
i ei tid så fylt med skam
Skål for husa som ikkje er reine
for alle dei som sit heilt åleine
Dei som aldri kjem til ro
fordi familien er delt i to
Skål for alle på jord
som berre kan drøyme om sprøstekt svor
dei som sit og tenkjer som dei tenkte i fjor
Eg hatar jol
Du sa du ikkje ville meir, ha det ille meir, stille meir, det var ikkje nokon gnist
det var for lenge sidan sist
Ikkje lenger like nok, pike nok, halve kongeriket, har nok alltid visst
Eg valte å vera optimist
Nå vil eg ikkje heim til garden min, æ kje heime meir, heim til faren min er nihilist
Gje meg Jesus Krist!
Må vel bare spleise seg, sveise seg, reise seg og bli ein realist
Sei at jol kan vera trist
Skål for husa som ikkje er reine
for alle dei som sit heilt åleine
Dei som aldri kjem til ro
fordi familien er delt i to
Skål for alle på jord
som berre kan drøyme om sprøstekt svor
dei som sit og tenkjer som dei tenkte i fjor
Eg hatar jol
Me skålar med akevitt
her er ikkje snakk om noko alkofritt
Sjølv om ungen min blir redd og partnaren min blir sur
så stoppar det vel ikkje norsk kultur!
Skål for husa som ikkje er reine
for alle dei som sit heilt åleine
Dei som aldri kjem til ro
fordi familien er delt i to
Skål for alle på jord
som berre kan drøyme om sprøstekt svor
dei som sit og tenkjer som dei tenkte i fjor
Eg hatar jol
Det er mange som hatar jol