Jogga, dusja
Kjenner meg pen
Sol og P2
Frisk oksygen
Kva er det som luktar?
Er det nyklipt plen?
Kva er dette for eit fenomen?
Anleggsgartneri
Er jo rein magi
Treng ikkje terapi
Så lenge me har
Anleggsgartneri
Du er for kjekk til at eg let det gå
Det er så lett å berre henge på
Du er for dum til at me giftar oss
Men eg er for ung til å tenkje meg om
Eg kan vita og føle og meine
men eg vil ikkje søva åleine
Er det nokon der som er heime
bak blanke og ubrydde auge
Det er så lett å vera rebell i kjellerleiligheten din
og når ein rotar rundt med deg så må ein rekne med litt svinn
men du stokkar om på korta for å sikre at du vinn
Din feiging
Eg har mange problem men eg kan ta eit til
Ein gut som er både våt og halv ved
Han kjem vel innom meg i ny og ne
I ein alt for dyr BMW
Er det noko spesielt han kan?
Nei han kan ikkje det grann
Ingen har vel bruk for våt og halv ved
Skulle nesten tru eg ikkje hadde noko betre å ta meg til
Det er så digg å kjenne at noko skjer
Når du treng ligg, yes sir, då er eg her
Eg kan vita og føle og meine
men eg vil ikkje søva åleine
Er det nokon der som er heime
bak blanke og ubrydde auge
Det er så lett å være rebell i kjellerleiligheten din
og når ein rotar rundt med deg må ein rekne med litt svinn
men du stokkar om på korta for å sikre at du vinn
Din feiging
Eg har mange problem, men eg kan ta eit til
Ein gut som er både våt og halv ved
Han kjem vel innom meg i ny og ne
I ein alt for dyr BMW
Er det noko spesielt han kan?
Nei, han kan ikkje det grann
Eg har mange problem, men eg kan ta eit til
Ein gut som er både våt og halv ved
Han kjem vel innom meg i ny og ne
I ein alt for dyr BMW
Er det noko spesielt han kan?
Nei, han kan ikkje det grann
Må berre må, reise berre må
Må berre må, sjå deg berre må
Må berre må, reise berre må
Må berre må, sjå deg berre må
Må berre må, reise berre må
Må berre må, sjå deg berre må
Må berre må, reise berre må
Må berre må, sjå deg berre må
Må berre må, reise berre må
Må berre må, sjå deg berre må
Eg opna ei dør og eg får ho ikkje att
Å, eg må, berre må, berre må, berre må!
Inni meg så bur det ein liten narsissist
Ho er både blind og døv, men elles ganske frisk
Ho kan ikkje sjå seg sjølv, og ikkje høyre etter
Ho må bli aktivisert som om ho var ein setter
Gje meg alt du tenkjer, gje meg all di tid
Gjer alltid allting akkurat slik som eg vil
Me kan seie det ganske enkelt
Me kan seie det ganske lett
Du blir aldri fri
Eg blir aldri mett
Du veit eg likar at du seier at eg er fin
Du veit eg likar når du seier at du er berre min
Dei seier at det søte liv smakar best med litt salt
Men eg vil ha ein livsstil der eg kan smake alt
Å, gje meg alt du tenkjer, gje meg all di tid
Gjer alltid allting akkurat slik som eg vil
Me kan seie det ganske enkelt
Me kan seie det ganske lett
Du blir aldri fri
Eg blir aldri mett
Har du lese det dei skriv
om situasjonen i Taiwan eller?
Trur du at dei har
ein solid god plan eller?
Eg veit ikkje med deg
men eg blir redd
Ligg du av og til og tenkjer
på konsekvensar av kunstig intelligens eller?
Ligg du av og til og tenkjer
på konsekvensar av din eigen eksistens eller?
Eg veit ikkje med deg
Du svarar nei
Du står berre og ser
og seier «I don’t fucking care»
Kva som skjer
eller kva dei andre gjer
Eg likar meg best
med ekstra jod og overflod som folk flest
Her på laget til det trygge snille vest
som alltid har rett
og slett stelt i stand rot
nok til å ta motet frå ein
Er du redd du ein dag vaknar
og alle pengane i banken har blitt borte eller?
Trur du me er fødd på topp av norsk økonomi og tenkjer
fanken, det går vel berre nedover herfrå
Er du nokon gong redd for uventa brå svikt
i kroppslege funksjonar inni deg?
Og synest du folk på gata ser triste ut
og om dei ser glade ut
tenkjer at dei heilt sikkert er triste inni seg
Eg veit ikkje med deg
Du svarar nei
Du står berre og ser
og seier «I don’t fucking care»
Kva som skjer
eller kva dei andre gjer
Eg likar meg best
med ekstra jod og overflod som folk flest
Her på laget til det trygge snille vest
som alltid har rett
og slett stelt i stand rot
nok til å ta motet frå ein
Trur du at det meste jo er flaks
og at me i veldig liten grad har kontroll over eige liv?
Tenk om den du elskar lurar deg
og alle veit det
og det er du som er dum og naiv
Eg veit ikkje med deg
men det har skjedd
Blir du stressa av å tenkje på at folk ikkje tenkjer
og stressar nok når det gjeld klima
og visste du at den største atombomba me har prøvd
er over tre tusen gonger større enn den me prøvde i Hiroshima?
Eg veit ikkje med deg
Men eg blir redd
Kvifor er du ikkje redd
Av alt det gruelege ein ser
Alt det fæle folk kan gjera
Eg likar meg best
med ekstra jod og overflod som folk flest
Her på laget til det trygge snille vest
som alltid har rett
og slett stelt i stand rot
nok til å ta motet frå ein
Eg likar meg best
med ekstra jod og overflod som folk flest
Her på laget til det trygge snille vest
som alltid har rett
og slett stelt i stand rot
nok til å ta motet frå ein
Eg likar meg best
med ekstra jod og overflod som folk flest
Her på laget til det trygge snille vest
som alltid har rett
og slett stelt i stand rot
nok til å ta motet frå ein
Om natta er det mange tankar
Verste frykter og skavankar
Ikkje vekk og ikkje heime
Heilt åleine
Ligg og pustar, ligg og pustar
Ventar på at kroppen rustar
Mange timar nesten år
Til alarmen går
Hjartet slår fort, huda er klam
Livet er kort, men natta er lang
Du er fullt på veg
mot ein plass eg aldri når deg
Eg er her
Her er eg
Detta som er vaksenliv?
Eg som venta betre driv
Lukka svingar opp og ned
Aldri fred
Du ligg ved sida frisk og kjekk
Likevel langt borte vekk
Eg som trudde me var sama
Eg som trudde me var sama
Eg som trudde me var sama
Du er noko ana
Nettene som kom og gjekk
Timevis med angst og skrekk
Klokka 2 og klokka 4
Nettene som kom og gjekk
Timevis med angst og skrekk
Klokka 2 og klokka 4
Nettene som kom og gjekk
Timevis med angst og skrekk
Klokka 2 og klokka 4
Nettene som kom og gjekk
Timevis med angst og skrekk
Klokka 2 og klokka 4
Du er fullt på veg
mot ein plass eg aldri når
Eg er her
Her er eg
På tide opp å stå
ikkje tenkje, berre sjå
på heile verda som om
allting var ein film
Litt for mange ting som skjer
og litt for mange folk som gjer dei
og det slår meg
at eg ikkje høyrer heime her
For ein stor klisje
slik kjenner ein det uansett
Eg kan reise kvar eg vil
og eg kan trivast nokså greitt
med ein enkel melodi
ser eg dagane gli forbi
Prøvar å kjenne etter
Kva det er eg vil?
Men eg kjenner ingenting
Er verken glad eller trist
deprimert optimist
Eg kjenner ingenting
Ingen varme jern å smi
og eg er fullstendig fri
Livet er lett når det er tomt
Eg skal nyte kvar dag det ikkje gjer vondt
Må tru at det finst gutar
fine gutar, lange gutar
men viss ingenting får starte
er det ingenting som sluttar
Du kan godt seie pessimist
eg vil nok seie realist som tenkjer
kjærleiken ikkje har blitt enklare sidan sist
Men du spør om eg er heime
ja det er eg, heilt åleine
Me kan gjera som me vil
så lenge det ikkje tek for lang tid
for eg har ting eg må få gjort
så vil du koma, så kom fort
Om det er feil eller riktig
er eigentleg ikkje så viktig
For eg kjenner ingenting
Er verken glad eller trist
deprimert optimist
Eg kjenner ingenting
Ingen varme jern å smi
og eg er fullstendig fri
Livet er lett når det er tomt
Eg skal nyte kvar dag det ikkje gjer vondt
Visjonar og mål
Kjenner ingenting
Debattinnlegg og gnål
Kjenner ingenting
Om heimelaget tapar eller vinn
det gjer meg ingenting
Eg er frisk og eg er fri
og alt anna drit eg i
Livet er lett når det er tomt
Eg skal nyte kvar dag det ikkje gjer vondt
Då eg såg på deg så tenkte eg at her er ein
som heilt sikkert er ganske god på ski
Ein som jobbar hardt kvar dag kvar natt for det han vil
men òg tilfeldigvis har ganske ofte fri
Som høyrer på Dagsnytt 18
Som alltid er tidleg ute med skatten
kanskje detta her er karen som eg treng
Ikkje berre smart, men klok
han har lest meir enn ei bok
Skal han på tur seier han ifrå om kvar han gjeng
Ikkje meininga å glane
men eg meiner å ha sett deg i ein Devold-reklame
Ja, vil sjå deg i ulltrøye baby
Du må nesten seie meg om du har dame
Eg respekterer at me stort sett er monogame
Ja, elles hadde det vore gøy
å sett deg komplett i eit litt lite sett
ulltøy
Om du treng ein ting, ja kanskje ein del til ein bil
så ser du alltid etter om noko ligg på Finn
Det er ingen tvil om at du med ulltrøyestil
spaserer enkelt inn til mi inste grind
Ikkje berre ser du bra ut naken
du er ein racer på oppvask og skifte laken
og er det fest så kan du det å pynte deg
Har eg angst og ligg vaken
set du på lydbok og nussar meg på kjaken
Trur du på Gud?
I så fall kan du lære meg
Ikkje meininga å glane
men eg meiner å ha sett deg i ein Devold-reklame
Ja, vil sjå deg i ulltrøye baby
Du må nesten seie meg om du har dame
Eg respekterer at me stort sett er monogame
Ja, elles hadde det vore gøy
å sett deg komplett i eit litt lite sett
ulltøy
Ikkje meininga å glane
men eg meiner å ha sett deg i ein Devold-reklame
Ja, vil sjå deg i ulltrøye baby
Du må nesten seie meg om du har dame
Eg respekterer at me stort sett er monogame
Ja, elles hadde det vore gøy
å sett deg komplett i eit litt lite sett
ulltøy
Bapara bararapa
Baparapa barapa
Barupbarup
Vil sjå deg i ulltrøye baby
Bapara bararapa
Bapararam baraba
Barupbarup
Vil sjå deg i ulltrøye baby
Bapara bararapa
Bapararam daruda
Darumdarum
Da-a-a
Eg er berre eit lite dyr
som sig ned i ei tankemyr
av relasjonar gard og grus
store draumar jazz og rus
Bransjen er ein artig gjeng
men ingen vi vel dele seng
med ein med tankar overalt
som ikkje var der då det gjaldt
Å, ingen dag er lik
men sundagen
går som oftast slik
Angre på at eg er sur
då eg skulle vera blid
på at eg ikkje er på fjelltur nå
at eg ikkje er på ski
For så å skamme meg over alle ting
som eg har sagt og gjort
Til slutt bli redd
for det at tida går så fort
Slekt skal fylgje slekters gang
med svik og sorg og temperament
ting me framleis ikkje talar om
frå 1940-talet ein gong
Historia går på reprise
på tide med ei ekte krise
som slår oss ut i frykt og sjokk
før me atter blir ein samla flokk
Å, ingen dag er lik
men sundagen
gjeng som oftast slik
Angre på at eg er sur
då eg skulle vera blid
på at eg ikkje er på fjelltur nå
at eg ikkje er på ski
For så å skamme meg over alle ting
som eg har sagt og gjort
Til slutt bli redd
for det at tida går så fort
Dei sjuke blir litt sjukare
og puta må bli mjukare
til armane til slutt sit fast
og berre greier trykkje tast
på spelkontroll og telefon
ein godt designa distraksjon
frå alt som ein blir lei seg av
og fyrst og fremst er det ein sjølv
Å, ingen dag er lik
men sundagen
gjeng som oftast slik
Angre på at eg er sur
då eg skulle vera blid
på at eg ikkje er på fjelltur nå
at eg ikkje er på ski
For så å skamme meg over alle ting
som eg har sagt og gjort
Til slutt bli redd
for det at tida går så fort
Til slutt bli redd
for det at tida går så fort